Annonse

Færre søknader om erstatning for tap av sau og lam til rovdyr

Talet på søknader for tap av sau og lam til rovdyr går ned for sjette år på rad. Jerven er det dyret som utløyser flest erstatningssøknader.

Totalt kom det inn søknader frå 1.117 bønder for tap av til saman 32.992 sauer og lam rovdyr innan fristen som gjekk ut 1. november, skriv Nationen.

Jerven er det rovdyret som har ført til flest søknader om erstatning.

Ikkje alle søknadene er registrerte, og Miljødirektoratet kallar tala for rådata, men dei kan likevel konkludere med at det har vore ein nedgang i talet på søknader.

I 2018 kom det inn 1.211 søknader, og det vart søkt om erstatning for 34.505 sauer og lam.

- Det er nok fleire og samansette årsaker til utviklinga vi ser, men trenden med reduserte tap av sau til freda rovvilt sjølv om sauetalet nasjonalt ikkje er redusert, er gledeleg, seier Kjell Vidar Seljevoll, seniorrådgivar i viltseksjonen i Miljødirektoratet, og held fram:

- Reduksjon i sauehald på utmarksbeite i dei mest tapsutsette områda er ein openberr faktor som bidrar. Auka fokus på førebygging av tap og ein noko høgare suksessrate på skadefelling tidleg på sesongen, då i første rekke knytt til skadegjerande bjørn, er truleg òg faktorar som har bidratt.

Det er fylkesmennene som behandlar søknadene om erstatning. I 2018 fekk bøndene 43,3 millionar kroner i erstatning, for totalt 16.787 dyr.

(©NPK)

Det er søkt erstatning for tap av færre sauer og lam til rovdyr enn i fjor. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix