Favoritt trekte seg frå Finnmarksløpet – melder Wærner for truslar

Kristoffer Halvorsen har trekt seg frå Finnmarksløpet fordi han kjenner seg trua av hundekøyrarstjerna Thomas Wærner, skriv NRK.

Halvorsen har politimeldt Wærner for truslar etter å ha «blitt kjefta huda full» av han ved sjekkpunktet i Tana. Halvorsen leidde løpet, men kjem ikkje til å halde fram.

– Eg fekk kjeft frå A til Å, eg torer ikkje å køyre løpet vidare, seier han til NRK.

Overfor VG utdjupar Halvorsen:

– Wærner snakkar om at ein av «handlerne» mine har filma han, noko som ikkje er sant. Og hadde det vore tilfelle, hadde det likevel ikkje vore ulovleg, seier han til avisa.

– Han skrik til meg med fingeren oppi trynet mitt. Plutseleg seier han at han skal flyge to menn opp frå Oslo som skal fotfølgje meg og overvake meg på snøskuter resten av tida eg er her i Finnmark.

Wærner kallar det heile ei ikkje-sak og vil ikkje gi ytterlegare kommentarar.

Politiet i Finnmark stadfestar overfor NRK og VG at dei har fått melding av truslar frå ein deltakar i Finnmarksløpet mot ein annan.

Juryen i hundekøyringsløpet har konkludert med at det har vore usportsleg åtferd frå både Halvorsen og Wærner, men at det ikkje er grunnlag for å gi køyrarane sanksjonar.

(©NPK)

Thomas Wærner blir skulda for å ha trua ein konkurrent i Finnmarksløpet. Foto: Jan Langhaug / NTB

Kristoffer Halvorsen i aksjon i Finnmarksløpet i 2020. Foto: Ørn E. Borgen / NTB