Annonse

FCKs målvakttrenar smitta av koronaviruset

FC Københavns målvakttrenar Kim Christensen har testa positivt for koronavirus og er isolert frå resten av troppen.

Det melder den danske fotballklubben på nettstaden sin.

Christensen har ansvar for mellom anna den norske FCK-keeperen Sten Grytebust.

Alle spelarar og medlemmer av staben i klubben vart tysdag testa for koronaviruset. Christensens prøve var den einaste positive. Målvakttrenaren har ikkje kjent symptom på koronasjukdom.

– Eg vart særs overraska då eg fekk vite testresultatet for eg har det fint og har ingen symptom. Eg hadde faktisk nettopp vore ute og sprunge ti kilometer då eg fekk meldinga. Men eg stoler på testsystemet og tek dei nødvendige forholdsreglane, seier han.

Den danske superligaen kom i gang att førre veke. FCK møter Randers på heimebane søndag.

(©NPK)

Sten Grytebusts målvakttrenar i FC København er smitta av koronaviruset.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix