Annonse

Federer heldt liv i håpet om ein sjuande tittel i ATP-finalen

Roger Federer reiste seg frå nederlaget i den første kampen og slo italienaren Matteo Berrettini i strake sett i ATP-verdstourfinalen i tennis i London.

Annonse

Den sveitsiske veteranen vann 7-6 (7-2), 6-3 over italienaren som debuterer i ATP-finalen. Der møtest dei åtte høgast rangerte spelarane i tennisen.

Federer har vunne den prestisjetunge turneringa seks gonger og drøymer om ein ny tittel. Men han får det tøft i den siste gruppekampen mot nummer to i verda Novak Djokovic.

Sveitsaren tapte hårfint 5-7, 5-7 mot Dominic Thiem i den første kampen og kom dermed skeivt ut i turneringa. Thiem møter Djokovic seinare tysdag.

(©NPK)

Roger Federer jublar etter sigeren over Matteo Berrettini i ATP-finalen i London. Foto: Alastair Grant / AP / NTB scanpix