Annonse

Fellesforbundet: Hundrevis av avisbod kan ha krav på etterbetaling

Fellesforbundet meiner avisbod over heile landet ikkje har fått den betalinga dei skal når dei har jobba lenger enn oppsett rutetid.

Det skriv FriFagbevegelse. Måndag vart rutinane til innlandet Distribusjon AS med å avkorte eller avvise kravet til avisboda om meirtidsbetaling, kjende tariffstridig.

Meirtid er arbeidstid som går utover tida ein bodrute er førehandsberekna å ta.

Dei fem–seks avisboda som var involverte i saka blir i dommen tilkjend etterbetaling på rundt 100.000 kroner. Fellesforbundet meiner dommen ikkje avgrensar seg berre til desse boda.

– Vi kjenner til liknande problem i så godt som alle firmaa. Vi har òg mange utanlandske bod som ikkje klarer å ta tak i problemet. Det kan derfor vere fleire hundre avisbod som har krav på etterbetaling, seier fagleg sekretær i Fellesforbundet Sissel Karlsen.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / NTB / NPK