Femdobbelt norsk i europacupen i storslalåm

Lucas Braathen stod i spissen for ein norsk festdag i europacupen i alpint i italienske Andalo Paganella tysdag.

Bærum-alpinisten Braathen køyrde aller raskast i storslalåmrennet, og nærast han på resultatlista følgde fire lagkameratar:

Atle Lie McGrath og Fabian Wilkens Solheim var berre eitt hundredels sekund bak Braathen og delte 2.-plassen. Og berre eitt hundredel bak der igjen kom Bjørnar Neteland på 4.-plassen.

Femteplassen gjekk til Timon Haugan, som køyrde seg opp fire plassar i finaleomgangen og enda 14 hundredels sekund bak vinnaren.

Som om dét ikkje var nok: Peder Dahlum Eide køyrde òg bra og enda på delt 7.-plass. Siste nordmann i aksjon, Patrick Haugen Veisten, køyrde inn til 12.-plass av dei i alt 42 som fullførte begge omgangar.

(©NPK)

Atle Lie McGrath, her fotografert under junior-VM sist vinter, var ein av tre nordmenn på sigerspallen i europacupen i storslalåm tysdag.
Foto: Ørjan Ellingvåg / NTB scanpix