Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Trass i trongare tider i norsk økonomi er det lite som tyder på at nordmenn sit heime og ser ut av vindauget i sommar. Den nære ferien er i vinden, opplevingar er viktig og budsjettet blir tilpassa.
npk@npk.no
Publisert: 15.06.2016 kl 12:10
Undersøkingar basert på bestillingar, folks planer og kva det blir søkt etter på nett bekreftar dei same tendensane før ferien. Opplevingar er viktigare enn før, og norsk fjellheim, campingferie, besøk hos venner og familie og matopplevingar er sentralt.
Sist ut er undersøkinga Reisepuls 2016 frå Virke. Den viser at tre av fire nordmenn planlegg sommarferie i år, og dei fleste skal både til utlandet og på noregsferie.
Til liks med undersøkingar frå DNB Markets og Finn.no viser Virke-tala at planane blir tilpassa ei slankare lommebok, med auka interesse for reisemål der ein får mest for den norske krona. Spania, Kroatia og Hellas er mest populært, mens for eksempel USA taper terreng. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.