Fetteren til Birgitte Tengs får ikkje prøve saka på nytt

Fetteren til Birgitte Tengs får ikkje prøvd saka på nytt etter at Agder lagmannsrett har nekta gjenopning av dommen frå 1998, melder Stavanger Aftenblad.

Det er i ei fersk rettsavgjerd at lagmannsretten har nekta gjenopning av dommen frå Gulating lagmannsrett i 1998, der Birgitte Tengs' fetter vart dømd til å betale 100.000 kroner i oppreisningserstatning til foreldra til den avdøde, skriv avisa.

Fetteren må dermed leve vidare med den sivilrettslege dommen, der han måtte betale erstatning for eit drap som han er frifunnen for.

Kravet om å gjenopne saka vart sett fram i april, men vart avvist av ein samrøystes rett.

(©NPK)