FHI åtvarar om moglege problem med heimreise frå afrikanske land

Nordmenn som reiser til land sør i Afrika, kan få problem med heimreisa, seier fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstituttet (FHI).

Det skriv Dagbladet.

Fredag morgon vart det klart at EU-kommisjonen foreslår å stoppe flyreiser frå fleire land sør i Afrika etter funn av den nye virusmutanten B. 1.1.529.

– Vi høyrer no at fleire land har innført restriksjonar mot reiser frå Afrika. Det betyr at viss du dreg dit, og reiser med eit flyselskap som skal mellomlande i visse land i Europa, eller i Storbritannia, kan du få problem med heimreise, seier Forland til avisa.

Han understrekar at nordmenn alltid kan komme tilbake til Noreg.

(©NPK)

Fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstituttet (FHI). Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB