Annonse

FHI justerer koronadødstal– tre nye dei siste tre vekene

I ei oppdatering melder Folkehelseinstituttet om tre nye koronarelaterte dødsfall. Dødsfalla er ikkje nye siste døgn, men fordeler seg på dei tre siste vekene.

Dermed er 270 dødsfall relaterte til viruset registrerte her til lands.

– I gjennomsnitt har det vore mellom 0 og 2 dødsfall per veke sidan juli. Vi har ikkje sett ein auke i dødsfall trass i fleire store utbrot, seier lege ved avdeling for smittevern og vaksine Jacob Dag Berild til NTB.

FHI gir ikkje ut opplysningar om enkeltdødsfall, men talet koronarelaterte dødsfall som blir rapportert til instituttet per dødsdato, kjem fram i vekerapporten som blir publisert kvar onsdag.

Ved midnatt natt til torsdag var det registrert 13.276 koronasmitta her i landet, ifølgje førebelse tal. Det er ein auke på 124 tilfelle siste døgn.

Auken er noko lågare enn natt til onsdag, då det vart registrert 147 nye tilfelle.

FHI har justert talet koronadødsfall. Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum / NTB