FHI reknar med at koronasmitten vil auke framover

Delta-varianten er no dominerande i Noreg og FHI-direktør Camilla Stoltenberg reknar med vi vil sjå ein smitteauke i tida framover.

– Vi trur at det kjem til å skje ein smitteauke, og der vil Delta-varianten spele ei rolle. I tillegg vil det spele ei rolle at ein har meir mobilitet i samfunnet. Folk har meir sosial kontakt, bevegar seg meir og reiser meir, både ut av Noreg og internt i landet, seier Stoltenberg til NTB.

– Er dette starten på ei fjerde bølgje?

– Eg vil ikkje bruke det omgrepet. Det kan vere starten på ein smitteauke, slik vi har sett i fleire land.

Diskuterer gjenopninga

Stoltenberg påpeikar at det ikkje er gitt at talet på sjukehusinnlagde og døde vil auke med meir smitte, sidan stadig fleire er vaksinerte. Derfor tør ho heller ikkje konkludere med kva ein smitteauke bør bety for gjenopninga.

– Det er ein diskusjon som går føre seg, og regjeringa har sagt at dei vil ta standpunkt til det. Det ser bra ut i Noreg no, så må vi halde fram med å halde det slik. Det skjer ikkje av seg sjølv.

Etter at spreiinga av deltavarianten skaut fart, utsette regjeringa trinn fire for gjenopninga av Noreg til slutten av juli/byrjinga av august. Kva som skjer vidare er enno ikkje avklart, men statsminister Erna Solberg (H) sa onsdag til VG at ho ser positive teikn for den vidare gjenopninga.

Argument for og imot

FHI-direktøren er litt meir tilbakehalden.

– Det er argument for meir gjenopning, som er at vi ligg godt an. Så er det argument for ei viss aktsemd og varsemd. Vi har hatt god erfaring med å gå gradvis fram, både tidlegare og i denne runden, seier Stoltenberg.

Delta (B. 1.617.2) vart første gong påvist i India i desember og har no vorte den dominerande varianten i Storbritannia, Danmark, Portugal, Sør-Afrika, Singapore og Russland. I tillegg er han på hurtig frammarsj i mange land og alle verdsdelar.

Lærer av andre land

Folkehelseinstituttet følgjer nøye med på situasjonen i andre land som kan likne oss, og der delta-smitten har komme lenger.

– Vi kan lære av kva dei no opplever. Vi ser til dømes at Nederland, som fekk ein veldig rask smitteauke, så langt ikkje har sett vesentlege utslag i talet på dødsfall og innlagde, seier FHI-direktøren.

Delta stod for 58 prosent av analyserte prøvar i Noreg i veke 28, opp frå 48 prosent veka i førevegen. Dei siste vekene har talet på smitta, innlagde og døde vore stabile i Noreg.

– Delta-varianten ser ut til å spreie seg raskare, og gi noko høgare risiko for alvorleg sjukdom. Han ser òg ut til å vere litt mindre påverka av vaksinane, men det er ikkje endeleg avklart, seier Stoltenberg.

Positive vaksinenyheiter

Farten på vaksinasjonen blir avgjerande både for smitteutviklinga og gjenopninga. Stoltenberg seier det går bra for tida, men at sommaren har bydd på nokre utfordringar.

– På grunn av ferie er det ein del folk som ikkje oppheld seg der dei bur. Det er òg yngre folk som no får tilbod om vaksinar. Vi har all grunn til å tru at den gruppa sluttar opp om vaksinasjonen i veldig høg grad, men det kan hende det tek litt lengre tid å få vaksinert denne gruppa, seier ho.

FHI reknar likevel med å vere ferdig med alle førstedosane i løpet av få veker. Seinast onsdag kom nyheita om at Noreg får 100.000 ekstra Pfizer-dosar etter ein bytehandel med Litauen.

– Det kan bety at vi blir tidlegare ferdige med dose éin, og då kan vi komme raskare i gang med dose to for fleire. På eit tidspunkt vil vi vurdere å korte ned på intervallet mellom dosane og tilby dose to raskare, men no er vi først og fremst opptekne av å fullføre vaksinasjonen med dose éin, seier Stoltenberg.

(©NPK)

– Det ser bra ut i Noreg no, så må vi halde fram med å halde det slik. Det skjer ikkje av seg sjølv, seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg om koronasituasjonen. Foto: Vidar Ruud / NTB

Folkehelseinstituttet følgjer nøye med på situasjonen i andre land som kan likne oss, og der delta-smitten har komme lenger, seier FHI-direktøren. Foto: Berit Roald / NTB

FHI trur smittetala vil auke framover. Her frå ein teststasjon i Oslo. Foto: Jil Yngland / NTB

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukerkonto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...