Annonse

FHI: Seks personar smitta av tuberkulose i Rogaland

Folkehelseinstituttet undersøkjer funn av tuberkulosesmitte hos seks personar i Rogaland fylke.

Personane vart testa etter funn av storfetuberkulose hos ei ku som vart slakta i november i fjor, skriv Folkehelseinstituttet (FHI).

Dei positive prøvene seier ikkje noko om når smitten har oppstått, eller om det dreier seg om smitte frå dyr eller menneske. No samarbeider FHI med kommuneoverlegen i den aktuelle kommunen for å kartleggje potensielle smittekjelder, inkludert mogleg samanheng med det aktuelle slaktet.