Annonse

FHI-topp trur ny virusvariant kjem til Noreg

FHIs smitteverndirektør Geir Bukholm seier han trur det blir vanskeleg å hindre den nye virusvarianten påvist i det sørlege Afrika, i å komme til Noreg.

Annonse

Til VG seier han at eventuelle tiltak Noreg kan innføre no, truleg berre kan bidra til å bremse inntoget av varianten.

– Eg trur han kjem til Noreg. Tiltaka vi kan gjere no, er for å bremse tida det tek før den kjem til landet, seier Bukholm.

Varianten vekkjer uro fordi han har veldig mange endringar i overflateproteinet, som har betydning for smittsomhet og vaksineeffekt.

Bukholm seier varianten har fleire endringar enn dei har sett tidlegare, men legg til at ein må vente på analysane som no blir gjort.

– Vi er bekymra, men det er for tidleg å konkludere i noka retning. Her er det viktig å ta det roleg og sjå kva undersøkingane viser, seier han.

(©NPK)

Smitteverndirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet. Foto: Ali Zare / NTB