Annonse

FHI vil ikkje endre julebordsråda enno

Folkehelseinstituttet har ikkje planar om nye, nasjonale råd om julebord, men oppmodar alle til å ha pandemien i bakhovudet.

– Vi følgjer nøye med på utviklinga både med tanke på innleggingar og smitte. Slik som situasjonen er no, ser vi ikkje nokon grunn til å endre råda om julebord på nasjonalt nivå, seier fagdirektør Frode Forland i FHI til TV 2.

Han viser til at lokale føresegner kan innførast ved behov.

– Det viktigaste for dei som skal på julebord er at dei er friske og vaksinerte. Har ein symptom på luftvegsinfeksjon skal ein droppe julebordet, seier Forland.

(©NPK)

Fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstituttet.
Foto: Gorm Kallestad / NTB