Annonse

- Fifa brukte 95 millionar på privatfly på tre år

Ifølgje eit nyleg publisert rettsdokument brukte Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) nesten 100 millionar kroner på privatfly på under tre år.

Ifølgje eit nyleg publisert rettsdokument brukte Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) nesten 100 millionar kroner på privatfly på under tre år.

Dei kostbare flyreisene inkluderer blant anna luksuriøse sightseeingturar for ein framståande embetsmann, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Dokumentet har dukka opp i samband med etterforskinga av den tidlegare generalsekretæren i Fifa, Jerome Valcke, som i 2016 blei utestengd frå fotballen i ti år etter ulike brot på reglane til Fifa. Han er blant anna sikta for å ha medverka til korrupsjon rundt salet av billettar til Brasil-VM i 2014, og han er blitt skulda for å dra på ei rekke sightseeingturar på Fifas rekning.

I dokumentet er det nemnd fire tilfelle der Valcke unødvendig har floge privatfly eller har hatt meir enn éin gjest med seg utan å betale Fifa tilbake. Han skal også ha bestilt billettar på businessklasse for sonen sin, Sebastien Valcke.

Idrettens valdgiftsrett (CAS) har tidlegare avvist anken frå Jerome Valcke, og retten har beheldt bota på 850.000 kroner, og hans ti år lange utestenging.

Valcke var generalsekretær i Fifa i nesten åtte år. Han starta karrieren som journalist i TV-stasjonen Canal+, men blei i 2003 tilsett som Fifas TV- og marknadsdirektør.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Erik Johansen / NTB scanpix