Fifa ferdig med etterforskinga av Beckenbauer
(NPK-NTB-Reuters): Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har fullført etterforskinga av fotballegenda Franz Beckenbauer og den tidlegare spanske fotballpresidenten Angel Maria Villar Llona.
Beckenbauer, som tidlegare har vore medlem av Fira-styret, har vore under etterforsking av forbundet i lengre tid. Onsdag stadfesta dei at dei no er ferdige med undersøkingane.
– Vi har allereie sendt etterforskinga av Angel Maria Villar Llona og Franz Beckenbauer vidare til det dømmande kammeret (Fifas etikk-komité), skriv Fifa i ei pressemelding.
Organisasjonen opplyser ikkje kva dei har etterforska, men Beckenbauer har tidlegare vorte skulda for korrupsjon i samband med tildelinga av fotball-VM i 2006 til Tyskland. (©NPK)