Annonse

Fifa-rapport: Kjempevekst i salet av kvinnelege fotballspelarar

Overgangar i kvinnefotballen blir stadig meir lukrative. Sidan 2018 har det samla beløpet gått frå 5,9 til 32,5 millionar kroner.

Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) la torsdag fram den årlege rapporten sin om overgangsmarknaden. Konklusjonen er at salsinntektene for kvinnelege spelarar har skote i vêret.

I 2018 vart det i alt seld spelarar til og frå klubbar i kvinnefotballen for 0,6 millionar dollar, medan summen var på 3,3 millionar i 2022.

Berre det siste året har det vore ei stigning på 62 prosent. Det vart i fjor registrert 1555 overgangar, men i dei fleste tilfelle skjedde det utan at det vart lagt pengar på bordet.

– Alt dette speglar dei store stega som har vorte tekne. Stadig fleire kvinnelege spelarar blir profesjonelle, konstaterer Emilio Garcia Silvero i Fifas juridiske avdeling.

Julie Blakstad bytte i fjor vinter ut Rosenborg med Manchester City. Ifølgje trønderklubben var det største salet i historia frå Toppserien.

(©NPK)

Julie Blakstad (t.v.) var blant spelarane som vart seld for eit stort beløp i kvinnefotballen i 2022. Her jublar ho under ein landskamp for Noreg. Foto: Naina Helén Jåma / NTB / NPK