Annonse

Filip Ingebrigtsen slått i sesongdebuten

Filip Ingebrigtsen måtte sjå seg slått av tsjekkaren Filip Sasniek på 1.500-meteren under sesongdebuten i Bergen onsdag.

Annonse

- Det er ikkje så ofte vi spring i Noreg og morosamt å vise fram denne fine idretten. Det var litt kjedeleg å bli slått. Det er alltid litt smårusk, og eg treng konkurransar for å komme skikkeleg i gang. Det var ikkje så mykje trykk igjen mot slutten, men det kjem seinare, sa Ingebrigtsen i eit intervju med Bergensavisen (BA).

Jakob Ingebrigtsen skulle hatt sesongdebuten sin utandørs på 1500 meter på Fana stadion, men tysdag måtte løpartalentet melde forfall med sjukdom.

Dermed var det den mellomste «bukkane Bruse», Filip, som var i aksjon på 1500-meteren. Rundt halvvegs gjekk Sandnes-løparen sjølv fram i teten, men han hadde med seg to mann inn på oppløpet. Der viste tsjekkaren seg som den beste og vann med 3.41,61, mot Ingebrigtsens 3.42,00.

Henrik Ingebrigtsen valde å springe den doble distansen.

Ola Stuene Isene hadde berre to kast i diskos under litt ufyselege forhold og fekk 62,94 som beste kast. Han har årsbeste på 67,78 frå eit stemne i Portugal tidlegare i vår. Det er over VM-kravet.

Hedda Hynne var ute etter norsk bestenotering på den uvanlege øvinga 600 meter. Ho sprang inn til 1.29,60 og vart nummer tre på distansen. Renée Eykens frå Belgia vann med 1.29,41.

Ho var dermed eit godt stykke bak Trine Mjålands norske bestenotering på 1.28,28, sett i 2014.

(©NPK)

Filip Ingebrigtsen vart nummer to på 1500-meteren under Trond Mohn Games. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix