Film skal motverke overgrep på Norway Cup

Ulrikke Falch medverkar i ein informasjonsfilm frå Redd Barna som skal brukast som verktøy mot grenseoverskridande åtferd og overgrep på Norway Cup.

Falch skal gi barn og ungdom fire konkrete tips for at dei skal oppleve at det er trygt og gøy å drive med idretten sin, skriv Sex og Politikk i ei pressemelding.

Organisasjonen samarbeider med Redd Barna og fleire andre organisasjonar om prosjektet. Sex og Politikk har bidrege med faglege innspel om positiv seksualitet.

– Rundt 300.000 barn i Noreg deltek i organisert idrett, og dessverre opplever også nokre av desse barna ubehagelege hendingar som trakassering, vald, seksuelle overgrep eller andre krengjande handlingar. Det er ekstra viktig at store møteplassar, sånn som Norway Cup, tek på seg eit ansvar for å førebyggje slike hendingar, fortel Vilde Graff Senje, seniorrådgivar og teamleiar for seksualitetsundervisning hos Sex og Politikk.

Norway Cup finn stad frå 30. juli til 6. august. Sidan 1972 har over 50.000 lag frå 127 nasjonar deltekne i turneringa.

(©NPK)

Ulrikke Falch skal gi barn og ungdom tips om positiv seksualitet. Foto: Vidar Ruud / NTB