Financial Times får sin første kvinnelege sjefredaktør

Roula Khalaf overtek som sjefredaktør i den britiske avisa Financial Times når Lionel Barber går av som redaktør på nyåret.

Khalaf blir dermed den første kvinnelege sjefredaktøren i Financial Times sidan avisa vart grunnlagd i 1888.

Ho har arbeidd 24 år i avisa og kjem frå rolla som Barbers nestkommanderande blant redaktørane - ei rolle ho har hatt sidan 2016, skriv avisa på nettsidene sine. Khalaf er fødd i Beirut i Libanon og voks opp i landet under borgarkrigen.

I ein kommentar seier den nytilsette sjefredaktøren at ho er begeistra over å få leie «den beste nyheitsorganisasjonen i verda».

Lionel Barber, som har vore sjefredaktør i Financial Times (FT) i 14 år, informerte tysdag dei tilsette i ein e-post om at han sluttar i jobben 1. januar 2020.

- Då eg tok over som redaktør, ønskte eg å gjenskape gullstandarden i journalistikken og meiningsinnhaldet i FT, og å hjelpe styret med bygginga av ein berekraftig og lønnsam forretningsmodell basert på den digitale transformasjonen, heitte det i e-posten.

Det meiner Barber no at avisa, som har passert éin million betalande abonnentar i 2019, har klart.

(©NPK)