Annonse

Finland melder om det andre virustilfellet sitt

Finland har registrert det andre tilfellet av covid-19-viruset i landet. Det dreier seg om ei finsk kvinne som nyleg var i Milano.

Annonse

Kvinna er no innlagd på sjukehus i Helsingfors. Ho har feber, men skal elles ha det bra.

Ifølgje finske helsestyresmakter har ho berre vore i kontakt med to andre personar sidan ho kom tilbake til Finland i helga, melder rikskringkastinga YLE.

Det første virustilfellet i Finland vart registrert i slutten av januar. Den smitta var ei 32 år gammal kvinne frå Wuhan-området i Kina. Ho har no forlate sjukehuset.

(©NPK)