Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Dei konservative ligg an til å vinne ein hårfin siger over høgrenasjonalistane i valet i Finland, medan Sanna Marins parti blir nummer tre, ifølgje prognosar.
Publisert: 03.04.2023 kl 07:27
– Vi fekk det største mandatet. Vi kjem til å forhandle fram ei ny koalisjonsregjering, seier Samlingspartiets leiar Petteri Orpo seint søndag kveld.
Prognosar frå kringkastaren Yle då over 93 prosent av stemmene var talt, gir ein knapp siger til Orpos parti med 48 av 200 mandat i riksdagen. Det betyr at han truleg tek over statsministerjobben frå Sanna Marin, som med sitt SDP ligg an til å få 43 mandat, tre færre enn dei høgrepopulistiske Sannfinnene.
I Finland er det tradisjon at leiaren av det partiet som får størst del av stemmene, får i oppdrag å danne regjering først.
Samlingspartiet hadde ei leiing på berre 0,1 prosentpoeng over SDP då resultatet av førehandsstemmene – vel 40 prosent av totale stemmer – var klart tidleg på valkvelden.
Men i den finske kringkastaren Yles prognose får Samlingspartiet 20,6 prosent mot SDPs 19,9 prosent. Statsministeren kan også måtte sjå seg slått av Riika Purras parti Sannfinnene, som ifølgje prognosen får 20,1 prosent av stemmene.
Alle dei tre største partia går mykje fram frå førre val, men Orpos aukar aller mest. Prognosen gir ei mandatfordeling på 48 til Samlingspartiet, 46 til Sannfinnene og 43 til SDP. Den finske riksdagen har 200 plassar.
Statsministeren var optimistisk på valvaka til partiet då ei valdagsmåling gav sosialdemokratane ei hårfin leiing.
– Heilt sidan i dag tidleg har eg hatt ei sterk kjensle av at SDP kjem til å bli Finlands største parti, sa ho til Hufvudstadsbladet.
Medan partiet hennar ligg an til å få tre fleire mandat i riksdagen, ser det mørkt ut for partia som Marin dei siste åra har sete i regjering saman med. Centern får 11,5 prosent, Vänsterförbundet 7,1 prosent, Gröna knytt saman 7,0 prosent og Svenska folkpartiet 4,2 prosent, ifølgje prognosen.
Samla kan samarbeidspartia miste rundt 20 mandat i riksdagen.
Meiningsmålingane spådde på førehand at det ville bli eit svært tett løp mellom dei tre største partia i Finland.
Tradisjonen i Finland er at regjeringar blir danna frå breie fleirtal frå både høgre og venstre, men dette valet kan markere byrjinga på ein blokkpolitikk. Det gjer situasjonen enklare for statsministerkandidat Orpo, ettersom han både kan danne ei regjering med SDP og med Sannfinnene.
Marin har på si side stengt døra for samarbeid med det høgrepopulistiske Sannfinnene og dets leiar Riikka Purra.
Endelege valresultat er venta etter klokka 23 søndag kveld.
Samlingspartiets Petteri Orpo frå den finske opposisjonen feirar resultatet av førehandsstemmene på partiets valvake i Helsingfors søndag. Dersom partiet blir størst, får Orpo oppdraget med å danne ny regjering. Foto: Antti Aimo-Koivisto/Lehtikuva via AP / NTB
Samlingspartiet-leiar Petteri Orpo får gruppeklem fra nestleiaren og fleire andre etter å ha erklært siger i det finske valet. Foto: Antti Aimo-Koivisto / Lehtikuva via AP / NTB
Det sosialdemokratiske partiet SDP, leia av Sanna Marin, ligg an til å bli nummer tre bak Samlingspartiet og Sannfinnene i det finske valet. Foto: Sergei Grits / AP / NTB
Samlingspartiets leiar Petteri Orpo har erklært siger i det finske valet. Foto: Sergei Grits / AP / NTB
Partileiarane i Finland samla seg for å møte pressa etter at valresultatet var i ferd med å bli klart søndag kveld. Frå venstre: Vänsterforbundets leiar Li Andersson, Centern-leiar Annika Saarikko, Sannfinnene-leiar Riikka Purra, SDP-leiar og sittande statsminister Sanna Marin, og leiar for Samlingspartiet Petteri Orpo. Foto: Heikki Saukkomaa / Lehtikuva via AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.