Annonse

Fire arrestert for truslar på fly

Fire polakkar er arrester for aggressiv åtferd og truslar mot besetninga på eit fly som landa på Stavanger lufthamn natt til fredag.

Politiet fekk melding om truslane av kapteinen til flyet klokka 00.19. Flyet var på veg frå London til Stavanger lufthamn Sola.

- Flyet nødlanda ikkje, men skulle til Sola. Då kom vi og sette to polske menn og to polske kvinner i arrest, seier operasjonsleiar John Ask i Sørvest politidistrikt til NTB.

Dei fire oppførde seg aggressivt mot besetninga, men også mot politiet, seier Ask. Det er oppretta sak mot dei for forulemping av offentlege tenestemenn.

(©NPK)