Fire av ti stoler ikkje på VGs politiske journalistikk

41,5 prosent stoler i svært lita eller lita grad på VGs politiske journalistikk, ifølgje ei undersøking utført for Medier24. Tilliten fall etter Giske-saka.

61,3 prosent av dei spurde meiner dekninga til avisa av videoen av Trond Giske (Ap) på Bar Vulkan har redusert tilliten til VG, medan 76 prosent har redusert tillit til VGs politiske journalistikk, skriv Medier24.

Undersøkinga er gjennomført av InFact. 1.008 personar over 18 år er spurde.

Overfor bransjeavisa understrekar digitalredaktør Ola Stenberg i VG at avisa skal vinne tillit hos folket gjennom god journalistikk.

- Akkurat no har vi gjort ein alvorleg feil. Han skal vi lære av og reise oss frå. Vi skal jobbe med full styrke framover for å skape meir journalistikk som betyr noko for folk, skriv han.

I ein omfattande TV 2-sak onsdag førre veke retta kvinna i den mykje omtalte videoen med Trond Giske kraftig kritikk mot VG. Kvinna meinte at avisa med viten og vilje publiserte eit feilaktig sitat som skapte eit heilt feil bilde av situasjonen. VGs sjefredaktør Gard Steiro har beklaga overfor alle som er ramma i saka.

Etter planen offentleggjer VG denne veka ei intern gransking av saka.

(©NPK)

VG granskar seg sjølv i saka. Illustrasjonsfoto: Fredrik Hagen / NTB scanpix