Fire dagars landesorg etter ferjetragedie i Tanzania

Tanzanias president har erklært landesorg i fire dagar etter at over 130 menneske drukna i eit ferjeforlis i Victoriasjøen.

Det blir henta stadig fleire drukna opp frå innsjøen etter at ei overfylt ferje med fleire hundre passasjerar forliste og sokk torsdag. Fredag kveld var dødstalet stige til 131, men det kan framleis vere mange drukna som enno ikkje er funne ettersom ingen veit nøyaktig kor mange som var om bord i båten. På bakgrunn av kva augevitne og fiskarar har fortalt, fryktar ein at over 200 menneske har drukna. Ferja var registrert for 101 passasjerar.

Tanzanias president John Magufuli seier i ein TV-tale at han har gitt ordre om at alle som var involverte i drifta av den gamle ferja, skal arresterast.

- Arrestasjonan har allereie begynt, la han til.

Han erklærte også ein fire dagar lang sørgjeperiode.

Lokale styresmakter har opplyst at 40 menneske overlevde forliset, men av dei er fleire kritisk skadde. Etter at politiet og dykkarar frå marinen tok opp att redningsoperasjonen fredag morgon, er det ikkje meldt om funn av fleire overlevande.

Marknadsdag

Passasjerferja gjekk i rute mellom øyane Ukora og Ukerewe då ho kantra like utanfor øya Ukara torsdag. Ferjene i området er ofte overfylte. Denne gongen skal det ha vore spesielt mange om bord ettersom det var marknadsdag i byen Bugolora på Ukerewe.

Årsaka til forliset er enno ikkje klarlagt, men ein reknar med at ferja kantra då mange passasjerar gjekk til den eine sida mens båten var i ferd med å legge til kai.

Mange ventar fredag på nyheiter om sakna familiemedlemmer.

- Eg har ikkje høyrt noko frå far og bror min som var på ferja. Dei hadde dratt til marknaden i Bugolora for å kjøpe skuleuniform og anna utstyr til skolestart, fortalde Domina Maua til The Guardian.

Kritisk opposisjon

Opposisjonen i landet skuldar regjeringa for ikkje å ha tatt sikkerheita til ferjepassasjerane på alvor.

- Vi har ofte uttrykt bekymring for den dårlege tilstanden til denne ferja, men regjeringa har vendt det døve øyra til. Vi har fleire gonger fordømt denne forsømminga, seier John Mnyika, generalsekretær i det største opposisjonspartiet Chadema.

Ei rad afrikanske leiarar uttrykte fredag sjokk og sorg over at så mange liv har gått tapt. Også pave Frans sende eit kondolansebrev der han uttrykte «djuptfølt solidaritet» med både dei som har mista sine kjære og dei som fryktar at dei har gjort det.

(©NPK)

Redningsarbeid går føre seg ved øya Ukara i Victoriasjøen. Over 120 menneske er meldt drukna etter at ei passasjerferje sokk torsdag. Foto: Tanzania Røde Kors via AP / NTB scanpix

Frivillige frå Røde Kors deltar i redningsarbeid etter ferjeulykka. Foto: Tanzania Red Cross via AP / NTB scanpix