Klargjør siden...
Annonse

Fire døde i jordskjelv i Myanmar

(NPK-NTB-AFP): Minst fire menneske, deriblant to barn, mista livet og fleire historiske pagodar fekk skadar då eit kraftig jordskjelv ramma Myanmar onsdag.

Skjelvet, som vart målt til 6,8 av U.S. Geological Survey, hadde senter 84 kilometer under jordoverflata, nokre mil vest for den gamle hovudstaden Bagan.

Fire menneske, deriblant to jenter på sju og 15 år, er bekrefta døde.

Bagan er kjent for sine over 2.000 tempel og pagodar, nokre av dei nærmare 1.000 år gamle, og byen står på UNESCOs verdsarvliste og blir årleg besøkt av mange turistar og buddhistiske pilegrimar.

– Nokre av dei berømte pagodane fekk skadar under jordskjelvet, og på nokre av dei er skadane alvorlege, opplyser ein talsmann for turistpolitiet i Bagan.

Jordskjelvet kunne merkast både i Yangoon og i nabolanda Thailand, India og Bangladesh.

Området der jordskjelvet hadde senter er relativt tynt folkesett. Enkelte landsbyar i området er svært avsidesliggjande og det kan derfor ta fleire dagar før meldingar om moglege fleire skadde eller omkomne når fram. (©NPK)

Annonse