Fire drepne i demonstrasjonar i Etiopia

Fire personar skal ha vorte skote og drepne under ein demonstrasjon i byen Hawassa, sør i Etiopia.

Sjukehusdirektør Zinaw Serniso opplyser at tre menn og ei kvinne vart drepne. Demonstrasjonane skjer etter at styresmaktene i landet nyleg avviste å opprette ein region for Sidama-folket.

Torsdag kravde demonstrantane delvis lausriving frå sentralstyresmaktene gjennom skiping av ein regionalstat. Det finst ni etniske regionale statar i landet, som sjølvstendig styrer over tryggingsstyrkar og inntekter. Utover det er dei underlagde sentralstyresmaktene.

(©NPK)