Fire rumenske VM-spelarar må bli heime etter dopingmistanke

Dei fire rumenske handballspelarane som er mistenkte for brot på antidopingreglane får ikkje reise til VM i Japan.

Tysdag vart det kjent at fire av spelarane i den rumenske klubben Brasov var dopingmistenkte og stod i fare for ikkje å få spele VM. Etter meldinga om at to av spelarane likevel skulle få vere med til meisterskapen kom onsdag kontrabeskjeden om at alle fire må halde seg heime, skriv Aftonbladet.

Det skal dreie seg om Eliza Buceschi, Cristina Laslo, Daria Bucur og Bianca Bazaliu. I tillegg blir Elaine Gomes frå Brasil og Ivona Pavicevic frå Montenegro ramma.

Den rumenske toppklubben skal ha gitt spelarane ei slags intravenøs laserbehandling, noko som er tillate i samsvar med internasjonale reglar, men ikkje nasjonale (rumenske).

Den svenske landslagssjefen til Romania, Tomas Ryde, seier til avisa at det er viktige spelarar han ikkje får nytta i meisterskapen.

- Veldig. Det er to frå førsteoppstillinga, erstattaren til Cristina Neagu og ein forsvarsspelar.

Romania speler i gruppe C med Kasakhstan, Ungarn, Montenegro, Senegal og Spania. Laget var rekna som ein solid kandidat til ein semifinaleplass.

(©NPK)

Trenar Tomas Ryde for Romania får ikkje med seg fire av spelarane sine etter mistanke om doping. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix