Annonse

Fire søkarar framleis med i kampen om fotball-VM i 2023

Det internasjonale fotballforbundet (FIFA) stadfesta fredag at fire søknader framleis er med i kampen om å arrangere fotball-VM for kvinner i 2023.

Annonse

Dei aktuelle er Australia og New Zealand, Japan, Brasil og Colombia, skriv FIFA.

Kven som skal arrangere meisterskapen skal etter planen avgjerast i eit møte i Addis Abeba i Etiopia i juni 2020. I meisterskapen i 2023 vil det for første gong vere med 32 lag.

Argentina, Brasil og Sør-Afrika var òg interessert i å arrangere VM, men vart ikkje med vidare i prosessen. Sør-Korea var òg ein aktuell søkar saman med nabo Nord-Korea, men dei trekte søknaden sin tidlegare fredag.

I VM i Frankrike i sommar forsvann Noreg ut i kvartfinalen. USA stakk av med den andre strake VM-tittelen sin med 2-0-siger over Nederland i finalen.

(©NPK)

Caroline Graham Hansen og Noreg gjorde eit godt VM i Frankrike i sommar. Australia, som dei møtte i åttedelsfinalen, er blant kandidatane til å arrangere neste meisterskap.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix