Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-TT): Forskarar har for første gong studert ein fisk som la egg og formeira seg på eiga hand. Hannfisken vart dermed både mor og far til barna.
npk@npk.no
Publisert: 23.03.2016 kl 16:05
– Vi gjorde ein vanleg farskapsanalyse, og det viste seg at ho var pappa. Ho produserte altså både egg og spermiar, seier Ola Svensson, dosent i evolusjonær økologi ved Göteborgs universitet og ein av forfattarane bak artikkelen om den spesielle fisken.
Forskarane meiner observasjonen er bevis på sjølvbefrukting hos eit virveldyr som normalt formeirar seg ved seksuell kontakt, skriv Sveriges Radio.
Forskarane plasserte fisken, ei blanding av to ciklide-artar, for seg sjølv i eit akvarium. Her såg dei korleis han leika på eiga hand og passa egga som vart klekte. Fisken er hermafroditt, ifølgje forskarane. Men det er ikkje uvanleg at fiskar har både mannlege og kvinnelege kjønnsfunksjonar, og forskarane trur at sjølvbefrukting i naturen er meir vanleg enn vi trur.
– Det er potensial for at dette ikkje er evolusjonært og biologisk ubetydeleg, seier Svensson. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.