Fiskeriavtalen med EU i hamn

Noreg og EU er einige om ein fiskeriavtale for neste år. Avtalen inneheld fleire tiltak som skal bygge opp att torskebestanden i Nordsjøen.

Den samla kvoten for torsk i Nordsjøen er sett til 17.679 tonn for neste år. Den norske kvoten blir 2.502 tonn.

– Torskekvoten er redusert med 50 prosent. Det blir eit krevjande år for norske fiskarar. Av omsyn til torskebestanden, som er i dårleg forfatning, er dette òg nødvendig, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp).

Norsk fiskeripolitikk og forvaltning er ikkje ein del av EØS-avtalen. Derfor forhandlar Noreg kvart år med EU om ein fiskeriavtale, noko som har gått føre seg i over 40 år.

(©NPK)

Noreg og EU er einige om ein fiskeriavtale for neste år. Her fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp). Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix