Fjellparti i Sogn skal overvakast døgnet rundt – ras kan true populær turistbygd

Fjellpartiet Stiksmoen i Aurland får døgnkontinuerleg overvaking og status som høgrisikoobjekt av NVE. Eit ikkje-varsla ras kan koste 600 menneskeliv i Flåm.

Stiksmoen blir dermed eitt av ni fjellparti i landet som Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt denne statusen. To av dei mest kjende er Mannen i Romsdal og Åknes på Sunnmøre. Tussafoten i Eidfjord kommune skal òg overvakast 24 timar i døgnet.

NVE ber no kommunane Aurland og Eidfjord om å etablere eit beredskapsnettverk, som inkluderer varslingssystem og evakueringssoner for folk, skriv Bergens Tidende.

– Ved eit ikkje-varsla skred frå Stiksmoen kan 600 personar miste livet, går det fram av eit brev sendt frå direktoratet til Aurland tysdag.

Stiksmoen ligg i nærleiken av Josetbergi, som også rører på seg, og som i verste fall kan rase ut i Aurlandsfjorden og ramme turistmålet Flåm med ei flodbølgje. Stiksmoen i Flåm ligg berre 120 meter over havnivået og flyttar seg mellom 0,9 og 2,5 centimeter i året

(©NPK)

Flåm i Sogn er eit populært reisemål for turistar. I sommarsesongen kan det opphalde seg eit tusental menneske i faresona. Foto: Vidar Knai / NTB / NPK