Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): TBE-viruset, som kan gi ein form for hjernehinnebetennelse, er for første gong påvist hos flått i Rogaland. Folkehelseinstituttet tilrår vaksine.
npk@npk.no
Publisert: 07.06.2016 kl 07:21
I tillegg til hjernehinnebetennelse kan viruset føre til lammingar, og det kan i verste fall vere dødeleg for menneske, skriv Stavanger Aftenblad.
– Vi har ikkje fått meldingar om at personar er smitta av TBE-viruset i Rogaland, så vi veit førebels ikkje om viruset vi har funne der høyrer til gruppa som gir dei alvorlegaste sjukdommane. Det er noko vi no jobbar med å undersøkje, seier seniorforskar Åshild Andreassen ved Folkehelseinstituttet (FHI). Frå utlandet veit instituttet at det også finst variantar som ikkje gir dei farlegaste sjukdommane.
Frå før var TBE-viruset kjent frå flått i Agder-fylka, Telemark, Vestfold og Buskerud. Dei einaste rapporterte tilfella av smitte som er overført til menneske, er frå desse fylka.
FHI tilrår TBE-vaksine for menneske som ferdast mykje ute i skogen i sommarhalvåret.
– Det er viktig å understreke at vi gjer dette for å drive førebygging og ikkje fordi vi ønskjer å blåse dette opp til noko større enn det er. På landsbasis dreier det seg ikkje om meir enn mellom fem og ti i året som opplever å bli TBE-smitta av infisert flått, seier Andreassen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.