Annonse

Skademeldingane strøymer inn etter flaumen

Ei bølgje av skademeldingar treffer forsikringsselskapa etter flaumen og den ekstreme haustvarmen i Sør-Noreg.

Vasstanden var måndag på veg nedover i dei fleste flaumramma områda i Sør-Noreg. Dermed begynte arbeidet med å få oversikt over dei materielle skadane.

- Dei aller fleste skadane kjem av vatn som har trengt inn i bygningar og kjellarar, seier kommunikasjonssjef Bjarne Rysstad i Tryg Forsikring.

Selskapet hadde midt på dagen måndag fått inn 50 skademeldingar, mange av dei frå Skjåk øvst i Ottadalen i Oppland. Her har over 90 menneske blitt evakuerte på grunn av flaumen.

- Vi håpar at dei kan få reisa heim innan kort tid, sa ordførar Elias Sperstad (Sp) til NTB måndag ettermiddag.

Vatnet kom på ein halvtime

Sperstad stadfestar at dei materielle øydeleggingane er omfattande og at kostnadene kan bli store også for kommunen.

- Det er bustad- og industriområde i Bismo som har vore utsette for dei største skadane, seier han.

Ein av dei som fekk merka naturkreftene på kroppen, er Trond Brandsar (32). Han og kona og dei to små barna deira måtte evakuera då vasstanden steig søndag morgon.

- Etter ein halv time hadde vatnet kome over plenen og inn i huset. Då tenkte vi det var på tide at vi kom oss vekk, seier Brandsar til NTB.

Også Lena Kolden (48) og dei to døtrene hennar måtte reisa frå huset sitt i same bustadområdet i Bismo.

- Det var litt surrealistisk, seier ho.

Henta med helikopter

Lenger oppe på fjellet måtte 16 personar på hyttetur hentast ut med helikopter etter at ei bru blitt teken av flaumvatnet og mobildekninga forsvann.

- Vi skulle pakka tidleg og køyra heim til Sunnmøre. Men då var brua borte vekk, fortel hyttebebuar Magne Tjønnøy.

Også Luster i Sogn og Fjordane, Sauda i Rogaland og Odda i Hordaland har dei siste dagane vore hardt ramma av flaum. I Luster blei eit fjøs med geiter teke av vassmassane og flytta 50 meter.

24 personar i Fortundalen var måndag isolert på grunn av øydelagde eller stengde vegar.

Nytt klima

Haustflaumen kjem av ein kombinasjon av kraftig regn og snøsmelting på grunn av unormalt varmt vêr i fjellet. Ei rekkje varmerekordar blei slegne i helga i Sør-Noreg.

I Tafjord på Sunnmøre steig temperaturen til 25,5 grader natt til søndag.

- Sjansane for denne typen vêr blir større i eit varmare klima, seier Tore Furevik, som leier Bjerknessenteret for klimaforsking i Bergen.

Han vil ikkje sjå bort frå at ein vêrsituasjon som den vi hadde i helga, kunne oppstått utan menneskeskapte klimaendringar. Men stigande globale temperaturar har auka risikoen både for varmerekordar og ekstremnedbør.

Ordførar Elias Sperstad seier han aldri tidlegare har opplevd noko liknande i Skjåk. Kommunen ligg nord for Jotunheimen og blir rekna som den tørraste kommunen i Noreg.

- Kanskje kunne vi vore betre førebudd. Men dette kom så fort og brutalt, seier Sperstad.

(©NPK)

Mange hus er ramma av flaumen i Bismo. Mildvêr og mykje regn har gjeve vårflaum-tilstandar på seinhausten. Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix

Flaumramma Trond Brandsar har vore og sjekka huset sitt i Bismo. Mildvêr og mykje regn har gjeve «vårflaum» på seinhausten. Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix

Lena Kolden har vore og sjekka huset sitt som ligg i bakgrunnen, og som akkurat gjekk klar vatnet i Bismo. Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix

Ordførar Elias Sperstad seier han aldri har opplevd noko liknande etter haustflaumen i Skjåk. I meir normale år er kommunen den tørraste i Noreg. Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix

Store øydeleggingar i industriområdet i Bismo etter flaumen. Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix

Helikopter blei brukt for å evakuera folk frå eit hytteområde i Skjåk måndag. Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix

Bilete teke frå politihelikopter av bustadområdet i Bismo som blei hardast ramma av flaumen. Foto: Politiet / NTB scanpix

Eit fjøs med 13 geiter blei søndag skylt 50 meter ned elva av vassmassane i Luster i Sogn og Fjordane. Foto: Tage Skjaak Moen / NTB scanpix