Flaumvatnet sig, men dødstalet aukar i Mosambik

Talet på omkomne stig i takt med at flaumvatnet trekkjer seg tilbake i Mosambik og Zimbabwe, ei dryg veke etter at syklonen Idai slo inn over land.

Det offisielle talet på omkomne nærmar seg no 300 i Mosambik, men stadig fleire lik kjem til syne når vasstanden søkk.

Reint drikkevatn er mangelvare og hjelpearbeidarar fryktar at døde menneske som har lege i stillståande flaumvatn skal forårsake utbrot av kolera.

Ifølgje britiske Channel 4 har Røde Kors alt registrert tilfelle av kolera i Beira-området, men dette er ikkje stadfesta frå anna hald.

- Tida er i ferd med å renne ut for oss, det er no komme til eit kritisk punkt, seier leiaren for FNs barnefond (UNICEF), Henrietta Fore, som fredag besøkte Beira, den nest største og hardast ramma byen i Mosambik.

- Neste stadium blir å skaffe reint drikkevatn, for elles blir det utbrot av sjukdommar, seier ho.

Trengst meir naudhjelp

Generalsekretæren i Det internasjonale forbundet av Røde Kors- og Røde Halvmåneforeninger (IFRC), Elhadj As Sy, fryktar til liks med Mosambiks president Filipe Nyusoi at talet på omkomne kan komme til å stige til over 1.000.

Han medgir samtidig at det på langt nær har komme nok naudhjelp til landet og at behovet truleg vi auke ytterlegare når flaumvatnet søkk.

- Eg fryktar at vi vil sjå meir dei kommande vekene og månadene, så vi må førebu oss godt, seier Elhadj As Sy.

Forferdeleg situasjon

Tusenvis av menneske vende fredag heim til Beira, ein by på storleik med Oslo, som i stor grad har stått under vatn.

Nokre som har vore stranda på små øyar fekk hjelp av lokale fiskarar til å komme seg inn til fastlandet, andre tok beina fatt langs delvis bortvaska vegar, berre for å finne husa sine øydelagt.

- Situasjonen er ganske enkelt forferdeleg, ingen andre ord kan beskrive det, seier As Sy, som fredag besøkte fleire provisoriske leire som er oppretta for menneske som har måtta flykte frå flaumvatnet.

- 3.000 menneske lever på ein skule der det er 15 klasserom og seks toalett. Det er ei tikkande bombe, seier han.

Hyllar hjelpearbeidarar

Generalsekretær António Guterres i FN hyllar hjelpearbeidarane som har jobba døgnet rundt og redda tusenvis av liv under svært farlege og krevjande forhold.

- Desse heltane har ikkje berre redda familiar ned frå hustak, dei har òg levert mat, vassreinsetablettar og anna livreddande humanitær hjelp etter at heile lokalsamfunn bokstaveleg talt er vaska vekk, seier han i ein uttale.

I Zimbabwe er det hittil funnet 145 omkomne etter flaumen, men styresmaktene trur mange offer kan ha vorte ført med flaumstore elvar over grensa til nabolandet Mosambik.

- Styresmaktene i Mosambik har gjort oss oppmerksame på lik som kjem flytande, og vi har sendt team over grensa for å hente dei, seier ein talsmann for regjeringa.

(©NPK)

Flaumvatnet er i ferd med å søkke i Mosambik, der mange - som denne kvinna i landsbyen Nhamatanda - har mista alt. Foto: AP / NTB scanpix

Tusenvis av menneske har begynt å vende tilbake til Beira i Mosambik, mens andre blir evakuert frå små øyer som delvis har stått under vatn i ein veke. Foto: AP / NTB scanpix