Annonse

Fleire barn etterlatne i utlandet av foreldra

(NPK-NTB): I 2015 behandla Utdanningsetaten 50 saker der elevar ikkje møtte opp til skulestart fordi foreldra hadde léte dei vere att i utlandet – ofte heimlandet til foreldra.

– Ifølgje mine tal, så er det 45 barn som vi var i kontakt med i fjor som var etterlatne i utlandet, fortel Akhtar Chaudhry, seksjonsleiar i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) Aust, til NRK. Chaudry fryktar liknande tal etter sommarferien i år.

Av dei 50 behandla sakene der elevar har udokumentert fråvær, har eller vil Utdanningsadministrasjonen melde foreldra til fire av elevane til politiet.

Ifølgje ein rapport frå 2014 er problemet størst blant norsksomaliarar, men det er også utbreitt blant barn med pakistansk og irakisk bakgrunn.

Dersom skulane ikkje får tak i foreldra eller barna, så får Nav beskjed. Barn som oppheld seg i Noreg, men ikkje går på skule, har ikkje rett på barnetrygd med mindre dei søkjer om det.

Ifølgje leiaren for sosialtenester ved Nav Sagene kjem mange av elevane tilbake når Nav kuttar barnetrygda. (©NPK)

Annonse