Fleire bedrifter må få støtte frå regjeringa, meiner LO

Regjeringa forlengjer kontantstøtteordninga til reise- og utelivsbransjen til februar. LO meiner fleire bedrifter må få støtte.

– Det er mange bedrifter som blir ramma av koronatiltaka som fell utanfor ordninga, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen i ei pressemelding.

– Etter vårt syn burde vi hatt ei generell ordning som ikkje skilde på næringskodar, men som gav kompensasjon til alle bedrifter med stort omsetningsfall, legg han til.

LO-leiaren meiner ordninga med auka dagpengesats for permitterte og heilt ledige også må forlengjast. Ordninga, som medførte at satsane vart auka frå 62,4 til 80 prosent, går ut ved nyttår.

– Det seier seg sjølv at det å få 62,4 prosent av ei inntekt på kanskje 300.000 kroner er altfor lite for dei fleste, seier Gabrielsen.

(©NPK)

LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen meiner fleire bedrifter må få økonomisk hjelp. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK