Klargjør siden...

Fleire fotballprofilar må gi seg i TV 2

(NPK-NTB): Fleire profilerte fotballpersonlegdomar med Jahn Ivar «Mini» Jakobsen i spissen må slutte i TV 2 etter at årets sesongar er slutt.

Mini (50) er inne i sin 17. sesong som fotballekspert i TV 2. Slutt blir det også for Freddy dos Santos, Aleksander Schau og Thomas Aune – og etter det VG erfarer Ole Martin Årst.

Per-Jarle Heggelund slutta for ein månad sidan, medan veteranen Davy Wathne går av med pensjon ved nyttår.

Årsaka til kutta er at TV 2 tapte bodrunden for rettane til norsk toppfotball til Discovery dei neste seks åra.

TV 2 har også varsla kutt på 350 millionar kroner i samband med moderniseringsplanen «TV 2 2020».

– Eg har jobba med Tippeligaen, landslaget og Norway Cup. Då er det naturleg at avtalen ikkje vert forlengd i haust, seier Jakobsen til VG.

– Eg har hatt 17 fantastiske år i TV 2, der eg har jobba med herlege menneske. Eg har jobba tett på Davy Wathne, fått oppleve meisterskapar, eliteseriefotball og utruleg mykje moro, seier Jakobsen som skal fortsetje i nettverksfirmaet Nordic Arena i Trondheim. (©NPK)

Annonse