Annonse

Fleire hundre døde henta frå forlist flyktningbåt

(NPK-NTB-DPA): 217 omkomne er henta ut frå båten som forliste i Middelhavet i april i fjor. Vraket etter forliset som skaka Europa, vart heva for ei veke sidan.

Berre 28 personar overlevde forliset 18. april i fjor. Forliset fekk europeiske politikarar til å krevje tiltak for å avverje fleire båttragediar, og førte til at Europa trappa opp redningsarbeidet i Middelhavet.

Opphavleg vart det anslått at 700– 800 menneske drukna nord for Libya i båtforliset, basert på anslag frå dei overlevande. I slutten av juni heva den italienske marinen fiskefartøyet opp frå 400 meters djup.

Så langt er berre 169 døde funne, i tillegg til dei 217 omkomne som vart henta opp frå skipsvraket.

Ifølgje den italienske marinen har eit mannskap på 150 personar arbeidd kontinuerleg på skipsvraket, som vart frakta til Nato-basen Melilli på Sicilia, der vraket vert undersøkt av rettsmedisinarar.

Det vert framleis arbeidd med å identifisere dei omkomne frå flyktningbåten. Italia har sett av 88 millionar kroner til å heve vraket og identifisere dei døde for å kunne informere familiane. Dette skjer sjeldan med slike flyktningforlis.

Ifølgje Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) har nærmare 200.000 flyktningar og migrantar komme sjøvegen til Europa sidan byrjinga av 2016. Då er tilkomstar i både Italia, Hellas, Kypros og Spania tatt med. (©NPK)

Annonse