Annonse

Fleire kommunar og fylke seier nei til å opne skulane etter påske

Oslo og Trondheim har bestemt seg, men også fleire andre storbyar og kommunar er skeptiske og meiner det blir vanskeleg å opne skulane igjen rett etter påske.

Annonse

Utfordringane med å få på plass alle dei nødvendige smitteverntiltaka er hovudårsaka til at ei rekke kommunar føretrekker at skulane held stengt i alle fall veka etter påske.

Fleire kommunar har allereie bestemt seg for å halde stengt uavhengig av kva regjeringa måtte tilrå denne veka. Skien er ein av dei.

– Regjeringa har vore litt for seine og uklare, og det blir for lita tid til å legge til rette, seier assisterande rådmann i Skien kommune Jan Petter Johansen til avisa Varden.

I helga vart det kjent Oslo ikkje vil opne skulane sine, og Trondheim følgde etter.

Storbyar ventar på

Storbykommunane Kristiansand og Stavanger håper ifølgje Aftenposten på framleis stengde skular, men førebur seg på fleire løysingar.

– Det er ein kjempestor fordel viss vi får nokre ekstra dagar til å førebu oss, seier Helene Ohm, direktør for direktør for oppvekst og utdanning i Stavanger kommune til avisa.

Bergen seier på si side at dei treng minst ein dag etter heilagdagane for å setje i verk nødvendige smitteverntiltak.

Universitet avlyser

Også for vidaregåande og høgare utdanning blir det planlagd for stengde dører etter påske.

Viken og Innlandet har vedteke å ikkje opne dei vidaregåande skulane sine.

Praktiske omsyn bidreg til Universitetet i Oslo avlyser undervisninga resten av semesteret uavhengig av kva regjeringa måtte tilrå.

– Vi vil sikre føreseielegheit for studentar og tilsette. Det er mykje som skal endrast og planleggjast i samband med digital undervisning og alternative vurderingsformer knytt til eksamen, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen til NTB.

(©NPK)

Det blir ikkje fleire barn på Bygdøy skole etter påske, har Oslo kommune bestemt. No følgjer fleire av kommunane i landet etter og førebur seg på å opne seiaere, uavhengig av kva myndigheitene bestemmer. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix