Fleire må ta tran – for å vere på den sikre sida

Forskarane etterlyser fleire nordmenn som vil ta tran. Så langt har dei nådd halvvegs til målet om å få 70.000 av oss med i studien om koronasmitte.

Ekspertane har lagt merke til at færre av dei som tek tran, blir smitta av koronavirus. Viss dei blir smitta, ser dei ut til å bli mindre sjuke. Målet er å finne ut om det kjem av livsstilen til vanlege tranbrukarar, eller om det er tran i seg sjølv som verkar.

Dette vil bli eitt av dei største forskingsprosjekta av ein slik type som er gjennomført i Noreg.

Mange tok tran

Målet er at 70.000 deltakarar skal ta tran regelmessig for å sjekke verknaden. Mange har hittil meldt seg, og 30.000 av oss er allereie i gang med å ete tran eller placebo dagleg.

– Vi har allereie nok deltakarar til at vi kan få veldig mykje spennande funn. Men vi vil gjerne ha så mange som mogleg med. Då kan vi òg sjå på ulike undergrupper i befolkninga, seier forskar og lege Arne Søraas ved avdeling for mikrobiologi ved Oslo universitetssjukehus (OUS).

Dessverre er det nokre av dei som allereie har meldt seg til studien, som ikkje kan vere med. Dei får alle brev i desse dagar. Årsaka er som regel at dei allereie tok D-vitamin, multivitamin og tran regelmessig.

Etnisk bakgrunn

Forskarane oppmodar spesielt nordmenn med etnisk bakgrunn frå Asia og Afrika til å vere med i transtudien.

– Dette er òg den delen av befolkninga som kan ha mest nytte av dette. Derfor vil vi gjerne ha fleire med, seier Søraas.

I dag ser ein at folk med bakgrunn frå meir sørlege strøk, og som er mørkare i huda, får meir alvorleg covid-19-sjukdom og ligg meir på sjukehus. Forskaren meiner at dette ikkje har med ulike gen å gjere, og at dette er noko dei skal finne meir ut av med studien.

– Viss dei tek tran, har dei ein større sjanse for å unngå covid-19 og i alle fall unngå alvorleg sjukdom, meiner han.

Tran i posten

Transtudien er del av den store koronastudien som starta i fjor. Under sjølve studien og to år seinare skal ein følgje med på korleis det går med alle som er med.

Det er framleis mogleg å melde seg på fram til eit stykke ut i mars. Alle får sendt tran i posten mellom ein og tre veker, og ein må ta han fram til sommaren.

Arne Søraas meiner eit anna viktig aspekt ved transtudien, er at dette kan bidra til betre vanar i befolkninga.

Mange i Noreg har typisk for låge D-vitaminnivå om vinteren. Fleire sjukdommar er assosierte med for lite D-vitamin. Årsaka, spesielt om vinteren, er solmangel og at vi ikkje et nok feit fisk. Nivået for D-vitamin i kroppen stig med ein gong ein tek D-vitamin eller eit preparat som tran.

Placebo

Placeboen som blir brukt, er maisolje. Både trana og placeboen har sitronsmak. Deltakarane får greie på kva dei tok etter at studien er avslutta.

Til sommaren skal forskarane kople saman resultata. Då blir det sjekka kven som fekk covid-19, og om det var forskjell på dei som fekk tran og dei som fekk placebo.

– Vi håpar jo sjølvsagt at blant dei som har teke ekte tran, har nesten ingen fått covid-19. Då blir vi fornøgd, seier han.

Tran har naturleg innhald av vitamin D og omega-3. Studien får delvis finansiering frå selskapet Orkla, som produserer eit tranprodukt.

(©NPK)

Det blir etterlyst fleire som vil vere med i transtudien. Forskarane oppmodar spesielt nordmenn med etnisk bakgrunn frå Asia og Afrika til å vere med. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Mange i Noreg har for låge nivå om vinteren. Årsaka er solmangel og at vi ikkje et nok feit fisk. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Forskar og infeksjonsmedisinar Arne Søraas fortel om forskingsprosjektet som skal undersøkje om tran verkar førebyggjande på koronavirus. Til venstre ser man klinisk ernæringsfysiolog Tine Sundfør, til høgre konsernsjef i Orkla Jaan Ivar Semlitsch og lege i spesialisering Saumia Shankarr. Foto: Jil Yngland / NTB