Kollisjon ved tunnel i Porsgrunn

To bilar har kollidert front mot front ved Hovengatunnelen i Porsgrunn.

– Det har vore ein front mot front-ulykke etter at den eine bilen hadde komme over i motgåande køyreretning. Fem personar har vore involverte i ulykka. Fire av dei verkar uskadde og éin var medvitslaus. Det er uavklart om vedkommande er alvorleg skadd, opplyser Aust politidistrikt.

Den første meldinga gjekk ut på at fleire personar var skadde.

Politiet fekk melding om saka klokka 19.37 fredag kveld, og nødetatane rykte ut til staden.

Tunnelen og vegen vart stengd på staden.

(©NPK)