Fleire soppartar i Noreg kan bli utrydda

79 nye soppartar i Europa er utryddingstrua, ifølgje den globale raudlista for sopp. Fleire av desse finst i Noreg.

Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) har i juli gitt ut ei revidert utgåve av den globale raudlista for sopp.

Der kjem det fram at 79 soppartar i Europa er utryddingstrua. Fleire av desse veks i gamle, ugjødsla slåttemarker og beitemarker.

Ein av typane er raud honningvokssopp, som i Noreg finst særleg i utmarksbeiter i kyst- og fjordstrøka på Vestlandet. Denne arten lever berre i Europa, og særleg i Skandinavia, Tyskland og Storbritannia. Raud honningvokssopp og fleire andre artar som lever på utmarksbeiter, har gått kraftig tilbake dei siste 50 åra.

Ifølgje Norsk institutt for naturforsking (NINA) kjem tilbakegangen delvis av intensivert jordbruk med oppdyrking og gjødsling, og dels at drifta av marginale jordbruksområde anten har teke slutt eller grodd igjen.

- Soppane synest å ha ei utveksling av næringsstoff med plantane, og er dermed ein viktig del av næringsstoffomsetninga i desse grasmarkene, seier forskarane John Bjarne Jordal og Tor Erik Brandrud, frå høvesvis Miljøfaglig Utredning og NINA.

Også mange skogsoppar, såkalla slørsoppar, er sårbare.

(©NPK)

Ei oppdatert utgåve av den globale raudlista for sopp viser at 79 nye soppartar i Europa er utryddingstrua.
Foto: Sara Johannessen / SCANPIX