Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): 14 personar er smitta med tuberkulose i Skien i Telemark. Seks andre tilfelle blei oppdaga i sommar.
npk@npk.no
Publisert: 19.08.2016 kl 16:55
– Vi har funnet fram til ein stamme av tuberkulose i Skien – med andre ord at sjukdommen har same opphav. Og den skal vi no ta knekken på, slik at sjukdommen ikkje spreier seg. Likevel må vi rekne med nokre tilfelle til, seier overlege Frode Tinderholt ved smittevernavdelinga ved Sykehuset Telemark til NRK.
Etter at seks tilfelle blei avdekte i sommar sette Helseetaten i Skien i gang eit kartleggingsarbeid. 50 personar som hadde vore i kontakt med dei sjuke, blei kalla inn til undersøkingar. Dette førte vidare til at dei nye tilfella blei oppdaga.
Dei 14 personane som er smitta, har ikkje utvikla sjukdom, og dei kan heller ikkje smitte andre, men for å hindre vidare utvikling vil dei få behandling.
Ifølgje Folkehelseinstituttet er utbrotet i Skien større enn det som er normalt i Noreg.
Alle dei smitta i Skien kjem frå innvandrarmiljø.
318 tuberkulosetilfelle blei oppdaga i Noreg i fjor. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.