Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Fleire tusen år gamle helleristningar på Tro i Nordland er blitt rissa i og øydelagt. Kommunen er kjent med kven som står bak hærverket.
npk@npk.no
Publisert: 29.07.2016 kl 12:07
Sist oppdatert: 29.07.2016 kl 17:32
Ein av helleristningane som er blitt vandalisert, er «Skiløparen» som gav inspirasjon til piktogramma frå Lillehammer-OL i 1994.
– Det er sjølve skiløparen som har fått størst skader. Det er ein spiss gjenstand som har laga fleire riss både i og utanfor dei gamle hoggmerka. Figuren har ikkje lenger den opphavlege forma si, og vi vil aldri kunne oppleve dei slik dei har stått i 4.000 til 5.000 år, seier fylkesarkeologen i Nordland, Tor-Kristian Storvik, til NRK. Han melde hærverket til politiet torsdag ettermiddag.
Helleristningane er ein del av det som blir kalla for Valenfeltet, som viser ein typisk jaktscene frå steinalderen.
Ordførar Bård Anders Langø synest det er trist at ein av turistattraksjonane i Alstahaug kommune er øydelagt.
– Symbola bruker vi for å reklamere for Alstahaug, og det blir trist dersom vi må dekkje til «Skiløparen» som er mest kjend internasjonalt, sa ordføraren til Helgelendingen, der saka fyrst blei omtalt.
«Personane har nokon svært tunge dagar. Dei angrar sårt på det dei har gjort. Vi har snakka med gjerningsmennene og deira familiar, og dei ønskjer å be om unnskyldning for det dei har gjort. Saka er meld til politiet av Riksantikvaren, og vi håper at folk og medium viser omsyn til dei involverte i saka i tida som kjem», seier ordførar Lange i pressemeldinga. (©NPK).