Annonse

Fleire tusen britiske elevar streika for klimaet

Tusenvis av skuleelevar samla seg fredag ettermiddag utanfor Parlamentet i London. Elevane kravde større innsats mot klimaendringane.

Annonse

Ei stor folkemengde hadde samla seg utanfor parlamentsbygningen i London. Det vart òg arrangert klimademonstrasjonar i Birmingham, Glasgow og Belfast som ein del av den globale klimastreiken fredag.

Nokre av demonstrantane i London hadde plakatar med slagord som «ikkje ver ein fossil tulling» og «make our planet Greta again», som ein referanse til den 17 år gamle klimaaktivisten Greta Thunberg.

Den britiske regjeringa uttaler at dei støttar bodskapen til demonstrantane, men tillét ikkje elevane å streike i skuletida.

Ifølgje arrangøren møtte rundt 100.000 menneske opp for å demonstrere i London. Politiet kan likevel ikkje stadfeste talet.

(©NPK)

Mange tusen skuleelevar og deira foreldre streika mot klimaendringane i London fredag ettermiddag. Foto: Alberto Pezzali / AP / NTB scanpix

100.000 menneske møtte til klimastreik i London fredag, ifølgje arrangøren. London-politiet kan ikkje bekrefte talet. Foto: Alberto Pezzali / AP / NTB scanpix