Annonse

Fleirtal av ordførarane vil ha opne møtekalendrar

70 prosent av ordførarane går mot forslaget om å fjerna innsynet i dei elektroniske kalendrane til offentlege tilsette.

Det viser ei undersøking gjennomført av Kommunal Rapport.

16 prosent meiner møtekalenderen bør sperrast for innsyn, mens 14 prosent ikkje veit kva dei meiner.

196 av ordførarane i landet har svart på spørsmålet. Det er fleirtal for å behalda den noverande ordninga uansett kva parti ordførarane høyrer til. Støtta er minst blant Høgre-ordførarar, der 53 prosent vil ha innsynsrett.

Justis- og beredskapsdepartementet har føreslege fleire lovendringar som mellom anna vil fjerna innsynsretten i kalendrane til offentleg tilsette. Høyringsfristen gjekk ut 3. september.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix