Møre

Flo opnar opp om fotball-livet i London: - Spesielt for meg å jobbe i Chelsea

Tore André Flo (46) stortrivst i den nye rolla si i Chelsea. Samtidig er han klar på at han saknar fjordane og vil tilbake til Noreg.

- London er ein veldig flott by. Vi bur litt utanfor, så vi har det landleg og fint. Vi liker oss veldig godt her, men på eit eller anna tidspunkt skal eg flytte heim igjen. Eg lengtar alltid etter fjordane, eg gjer det.

Det seier Tore André Flo til NTB med eit smil rundt munnen.

Flo vart ein publikumshelt på dei tre åra han hadde i Chelsea. Det vart 47 mål på 156 kampar og totalt fem titlar med London-klubben.

Han er framleis tilknytt Chelsea. Stryningen jobbar med utlånsspelarar i klubben. Chelsea er veldig opptatt av å sende spelarar på lån når dei er ferdige på akademiet. Då blir spelarane sende på lån til klubbar rundt om i Europa for å få erfaring. Målet er at dei kjem tilbake og kan gå rett inn i startellevaren.

- Eg er mykje ute og reiser. Eg møter lånespelarane eg har ansvar for, det er sju spelarar. I tillegg møter eg trenarane i klubbane, og så set vi oss ned for å prate saman. Kva fungerer? Kva må spelaren bli betre på? Eg bruker mykje tid med trenarane der vi snakkar om korleis vi kan utvikle spelaren til å bli best mogleg, seier Flo.

Treffer Lampard mykje

Han peikar på Fikayo Tomori og Mason Mount som to døme frå i fjor:

- Eg brukte mykje tid med dei og Frank (Lampard, Derby-trenar i fjor og Chelsea-trenar no). Det er ikkje berre-berre å komme tilbake og spele seg inn på laget, men dei to har òg gjort det fantastisk godt.

Lampard har fått sving på sakene hos Chelsea den siste tida. Fem strake ligasigrar gjer at London-laget ligg på 4.-plass etter ein tung ligastart. I meisterligaen er dei nummer to i gruppa, à poeng med gruppeleiar Ajax.

- Kva for eit forhold har du til Lampard?

- Vi spelte jo ikkje saman, men han har tatt alle trenarkursa gjennom akademiet vårt. Vi har møtst ofte. Han er veldig profesjonell, akkurat som han var som spelar. Han er smart og har alt som skal til for å bli ein god trenar, seier Flo.

Han held engasjert fram:

- Eg var spent på korleis han og spelarane ville reagere etter 0-4 for United i seriepremieren med så mange unge spelarar på laget. Han har klart å få alle med seg, og dei speler veldig fin fotball saman. Atmosfæren rundt laget er veldig positiv.

Flo har jobba med lånespelarar i tre sesongar. Tidlegare var han trenar på akademiet. Han treivst med å jobbe med yngre spelarar, men følte seg etter kvart klar for å jobbe med seniorspelarar.

Tenker ikkje på å bli trenar

Flo fortel i intervjuet at det å bli trenar er noko han på lang sikt kan tenke seg, men ikkje for augneblinken.

- Den jobben eg har no er utruleg spennande. Eg føler meg veldig heldig som har ein sånn jobb i ein sånn klubb som Chelsea. Det er spesielt for meg. Eg kan tenke meg å bli trenar, men det er ikkje noko eg går og tenker på no eller ser etter. Eg liker meg så utruleg godt i den jobben eg har, seier han og svarer dette på spørsmål om han kunne tenkt seg å trene det norske landslaget:

- Det er ikkje noko eg tenker på, men det hadde vore artig. Det hadde det.

Hoftene er endeleg betre

Flo har operert begge hoftene, men føler seg i god form.

- Det går bra med kroppen no. Eg joggar kvar laurdag på morgonen, så lenge det lèt seg gjere, i mange ulike parkar i London. Eg klarer å springe rundt fem kilometer, det gjer ikkje vondt lenger. Eg har skifta ut begge hoftene to gonger. No fungerer det bra, endeleg. Det er veldig herleg.

(©NPK)

NTB møtte Tore André Flo før Chelseas oppgjer mot Newcastle i oktober. Foto: Even Lübeck / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...