Annonse

16 omkom då indisk fly vart rive i to under krasjlanding

Minst 16 menneske omkom og over 120 vart skadde då eit fly frå Air India Express vart rive i to under ei krasjlanding i Kozhikode i India, opplyser politiet.

Annonse

Bilde delt i sosiale medium viser dramatiske scener rundt vraket som rasa utfor rullebanen og ned ein 10 meter lang skråning der det vart rive i to. Til alt hell byrja ikkje vraket å brenne og mange av passasjerane greidde å ta seg ut ved eiga hjelp.

Ulykka skjedde på Kozhikode internasjonale flyplass, rundt 30 kilometer utanfor byen Kozhikode, tidlegare kjent som Calicut, i Kerala-provinsen lengst sør i India.

Ein talsmann for det indiske direktoratet for sivil luftfart, Rajiv Jain, opplyser at flight 1344 kom frå Dubai.

Flyselskapet opplyser at det var 184 passasjerar, blant dei ti spedbarn, og dessutan ei besetning på sju om bord.

16 menneske er ifølgje politiet stadfesta omkomne i ulykka, blant dei flykapteinen og andreflygaren. Over 120 vart skadde, og tilstanden for rundt 15 av dei blir rekne som kritisk.

Passasjerane var ifølgje avisa India Today henta heim frå Dei sameinte arabiske emirata med bistand frå styresmaktene som følgje av koronapandemien.

Kjelder ved flyplassen opplyser til avisa The Hindu at ulykka skjedde i 20.15-tida lokal tid og at kraftig regn gjorde landingsforholda vanskelege.

Flyet frå Air India Express vart revet i to etter å ha segla utfor rullebanen i Kozhikode i India. Foto: AP / NTB scanpix

Ein av dei over 100 personane som vart skadd i flyulykka i Kerala-provinsen, blir bore inn på eit sjukehus i Kozhikode. Minst 16 er omkomne, ifølgje politiet. Foto: AP / NTB scanpix