Flyktning-avtale vedteken i FN

Ein avtale om av handtering av store flyktningstraumar har vorte vedteken i FNs hovudforsamling.

Avtalen vart vedteken måndag med stort fleirtal, og berre dei høgrepopulistiske regjeringane i USA og Ungarn stemde imot. Eritrea, Libya og Den dominikanske republikk avstod frå å stemme.

Formåla med avtalen er mellom anna å lette presset på land der flyktningar har fått opphald, å gi flyktningar auka tilgang til tredjeland og å støtte flyktningar som prøver å reise tilbake til heimlandet.

Flyktningavtalen har ikkje møtt same type motstand som FNs migrasjonspakt, som vart vedteken på eit møte i Marokko for ei veke sidan. Ei rekke land har enten nekta å underteikne eller kritisert migrasjonspakta.

(©NPK)

Ein flyktningleir for rohingya-muslimar i nærleiken av Cox's Bazar i Bangladesh. Foto:
Dar Yasin / AP / NTB scanpix